ottar

Eg er ein mann som i si tid blei frelst på Aage Samuelsen sine møter. Eg vil i korte ordelag fortelja om korleis dette gjekk til, og skriva litt om nokre av mine opplevingar med Jesus.

Eg var 23 år på den tida, og var på banearbeid ved NSB Finse. Det var i dei åra når Aage reiste mykje på messer. Det året skulle han og vitja Voss under det årlege arrangementet "Vossadagane". Lenge hadde Gud kalla på meg. Eg gjekk litt av og til på indremisjonsmøte, men fekk liksom ikkje så mykje ut av dei. Då Aage skulle vitja "Vossadagane" var eg fullt og fast bestemt på at dit skulle eg.

messeopptredenSå kom endeleg dagen som Aage skulle vera på Voss. For å koma til Voss måtte me reisa med dagtoget som går frå Oslo til Bergen. Det gjekk frå Finse ca kl. 15.15 på den tida. Eg ville vera på Voss i god tid før Aage skulle opptre. Så hende det noko uventa. Til vanleg arbeida vi ute på lina, og denne dagen var me ute mellom Haugastøl og Finse. Vi venta på han som skulle koma og henta oss inn til Finse slik at vi kunne nå dagtoget til Voss. Han kom ikkje og dagtoget fór forbi. Eg fekk seinare vita at han som skulle henta oss hadde fått fri, for han skulle og til Voss for å høyra på Aage Samuelsen.

Eg vart noko nedfor, for no var det normalt ikkje noko tog ein kunne koma med for å koma til Voss så tidleg at eg kunne få høyra på Aage. Eg gjekk for meg sjølv bak brakka og ba ei stille bøn: " Kjære Gud, dersom du vil at eg skal høyra på denne mannen så ordna du skyss, i Jesu namn, Amen."

Om ei stund kom me no til Finse. Eg sat på hybelen og fann ut at eg fekk ta ein tur på stasjonen når klokka var halv fem. Då kom det eit godstog, - kan hende det stoppar. Eg kom på stasjonen og spurde etter toget. Då låg det ordre på at godstoget var over ein time seint, og skulle kryssa austgåande ekspresstog i Finse. Dermed så måtte godstoget stoppa.

Så kom godstoget og eg spurde lokomotivføraren om eg fekk lov å vera med til Voss. Er du jernbanemann spurde han? Og sidan eg og var jernbanemann fekk eg lov å vera med. Eg kom til Voss ca ein time føre Aage skulle opptre. Dette var det første reale bønesvaret eg hadde fått. Eg må innrøma at eg var høgt oppe. No gledde eg meg berre til at Aage skulle kome på scena.

Så kom Aage, framførde sine friske songar, fortalde mektige vitnemål. Vitnemål om helbreding frå alle slag sjukdomar, menneske som var blitt løyst frå alkohol og narkotika. Dette var noko eg hadde sett lite til der eg hadde gått på møte, i indremisjonen og i kyrkja elles. Eg forsto likevel at dette det er kristendom, og det med stor K. Eg var då fast bestemt på at på Aage sine møte det skulle eg.

Eg fekk med meg eit blad, eit hefte, og kjøpte ein møtekassett som eg høyrde mykje på. Det tok likevel fleire månader før eg kom til Oslo på møte. Men ein dag i september bestemde eg meg for å reisa. Eg kom på møte, kjende igjen den friske songen. Det var kraft tilstades når Aage tala, og på slutten av møtet stilde eg meg i bønekøa og gjekk fram og tok i mot Jesus. Eg merka noko hadde skjedd inne i mitt hjarte, ei ubeskriveleg stor glede, ei glede som overgår all forstand. Det kan ikkje forklaras, det må berre opplevas.ottar_turnhallen

Eg hadde og ein fot som var litt kortare enn den andre. Eg hadde brote lårbeinet då eg var ni år. Ryggen var skeiv, noko som mest sannsynleg skriv seg dette lårbeinbrotet. Eg hadde innleggssåle i venstre skoen. Aage ba for foten. Eg kjende noko hende inne i låret, og når eg kom ut frå møtet måtte eg ta ut den innleggssålen som eg hadde i den venstre skoen. Eg har ikkje klara og gått med den sidan. Ein gong eg bruka eit par guimmistøvlar på arbeid som sålen var lima fast på, fekk eg så store smerter i hofter og rygg at eg tok kniven og skar bort sålen som var lima fast på støvelen.

På det neste møte eg reiste på vart eg døypt. Det var på Ingjerstrand bad i Oslofjorden. Nokre veker deretter vart eg døypt med den Heilage Ande og eld med tungetale som teikn. Dette er noko som skal følgja den som trur. Er du ikkje døpt med den Heilage Ande vil eg be deg søkja Jesus om å få den. Å la seg døype er og ein dyd av nødvendigheit. I den blir ein begrava og oppreist med Kristus. Husk orda i Mark. 16.16. "Den som trur og vert døypt skal bli frelst" Desse orda dei feiar den såkalla barnedåpen av bana. Korleis kan eit lite spebarn gje uttrukk for tru? Eg berre spør.

Då det hadde gått ei tid så fann eg ut at eg ville gå til den doktoren som eg til vanleg hadde vore hos på Voss. Eg fortalde at eg hadde vore på Aage sine møte og vorte bede for. På grunn av at eine foten var kortare enn den andre var ryggen skjeiv. Eg måtte stå, gå og snu meg i alle retningar. Så kom doktoren til den slutning at han såg ingen grunn til at eg skulle gå med den sålen eg hadde hatt i den venstre skoen. Takk og lov. Det Jesus gjer er fullkome.

Eg vil til slutt takka Gud av heile mitt hjarte for det eg har fått oppleva med Jesus. Eg har ikkje angra på at eg har vore lydig og har gått heile vegen med han.

Eg vil til slutt koma med ei oppmoding til deg som enno ikkje er frelst. Ta i mot Jesus, la deg døype i vatn og med Den Heilage Ande. Det er det som fører fram til ei evig frelse. Amen

Ottar Røyrbotten