Kommentar til artikkelen: "Frie venner, pinsebevegelsen og Maran Ata - forsoning"

Av Ottar Røyrbotten

Søndag 17. august 2014

Det er verkeleg godt å lesa det som er skrive på nettsidene om årsaka til Aage Samuelsen sitt brot med pinsebevegelsen, og seinare Maran Ata. Eg gjekk sjølv på møta til Aage i fem til seks år. Han snakka om då han forlot pinsebevegelsen mange gonger. Eg har og lese det meste av blada, bøkene og heftene som han har gjeve ut. Aldri har det vore verken sagt, eller skrive noko om at alkohol var årsaka til at han forlot verken pinsebevegelsen, eller Maran Ata.

Korleis pinsebevegelsen kunne skriva om "tilbakefall frå alkoholen" er ei gåte for meg. Det kan neppe forklarast med ei anna overskrift enn det redaksjonen sjølv har valgt på eit av avsnitta: «Religiøst sladder».

Det var heilt på sin plass frå redaksjonen si side å ta til motmæle ovafor det som stod i bladet til pinsevenene «Korsets seier». Godt var det då at dei, - om enn motviljug, - måtte gå ut å beklaga det som var skrive. Det var ikkje sant.

Her har dei ansvarlige i redaksjonen gjord eit veldig godt arbeid.  Det som er skrive får fram sanninga om årsaka til at Aage Samuelsen forlot både pinserørsla og MaranAta. Ryktet om at det var alkohol som var årsaka blir avsanna fullt og heilt.

Eg vil på det sterkaste tilrå alle som er inne på våre netsider å lesa alt det som her er skrive. Det får fram i lyset kva for ein åndeleg kapasitet Aage var.  Her får du svarpå mykje av det du sit inne med, lura på, og undras over.