20. november 2013
Av Ottar Røyrbotten
Når eg no har fått sett kva Kenneth Samuelsen skriv om på internett, kan eg ikkje anna sei enn det eg har valt som overskrift: «Angrep utan sidestykke». Ja, for det finns vel ikkje noko liknande så langt eg kjenner til i Norge si historie. Det han med sine søsken påstår er «fakta om faktuellarena» er ikkje anna enn løgn og bedrag. Eg er svært opprørd over deira påfunn, og ser meg nøydd til å ta avstand frå det dei kjem med i sine påstandar.
Eg vil ikkje skriva om alt dei er inne på, men komentera noko av det som blir hevda.
«Besatte mennesker»
Dette påstår dei om May-Britt Hansen og Synnøve M. Karoliussen. Det er teke ut av lause lufta. Det sei meir om dei som kjem med dei, enn det seier om May-Britt og Synnøve. Personleg kjenner eg begge to, og vil påstå at eg her veit kva eg skriv om. Eg får minna om Jesus. Han blei og skulda av farisearane og dei skriftlærde for det same. Eg vil tru folk flest her tenkjer sitt.
Litt om domspapir:
Når ein på dei les mellom linjene, og ser litt bak det som stend skrive, så reiser det mange spørsmål. Dette vil den vanlege mann i gata lett gjennomskoda. Han finna og ein del svar. Neppe alle er i samsvar med dei bastante påstandane som blir hevda i rettsdokumenta. Eg lura på om dei sjølve var klar over dette den dagen dei la dei fram på nettet.
Blad selde i 20 000 eksemplar:
Dette er og ein usann påstand. Dei fleste blada som er dela ut, er gjevne bort gratis. – utan å tena ei einaste krone. Om dei hadde vore selde, og samla pris vore 280 000 kr. ville det ikkje vore noko urimeleg ved det likevel. Det ligg mykje arbeid bak bladet. Ofte til langt på natt. Dette arbeidet deltok ikkje Kenneth og hans søsken i. Det veit eg. Pengar til trykking var innsamla midlar, - frå vener. Dessutan så bør dei lesa litt i det bladet. Aage seier: «Nå må dere brødre og søstre, osv…» Ord sagt til dei som stod han nær, brødre og søstre. – ikkje til dei kjødelege borna sine.
May-Britt Hansen var ikkje Aage sin sekretær:
Løgn og atter løgn. May-Britt var hans sekretær. Det var ho som hadde kontorarbeidet. Der var det, og er den dag i dag orden i sakene. Dei tre siste åra mens Aage var her nede var ho åleine om det arbeidet. Hæge Lio såg ikkje eg noko til dei tre-fire siste åra, før Aage reiste heim til Herren.
Til slutt litt om trakassering:
Det hevdar Kenneth og hans søsken at det er det May-Britt Hansen og Synnøve M.Karoliussen som driv med. Høyrt på makan, saka er snudd fullstendig på hovudet.
Ein skriv ikkje usant om personar i blad, aviser, og på internett utan at dei som er fornærma vil kjenna seg trakassera. At dei stiftar nettsider, og legg inn link med «Fakta om Faktuellarena» er vel ikkje anna enn prov på dette. Gong på gong, på gong må dei ut og forsvara seg.
At May-Britt og Synnøve med fleire kjenner seg trakassera er derfor ein påstand både dei, og fleire andre med rette kan hevda.