I Dagsrevyen den 19. mai 2011 hadde NRK repotasje om den engelske Dronninga som vitjar Irland. På slutten av innslaget hadde Dagsrevyen intervju med sin tidlegare London-korrespondent Anette Groth. Den irske øya er delt i to, og ho kom med ein uttale om at ho synes det er meiningslaust at det skal vera to statar på denne vesle øya. Eg har i denne saka ikkje noko problem med å forstå henne.

Eg skulle for min del sett at NRK og Anette Groth hadde hatt same oppfatninga når det gjeld Israel og Midt-Austen og. Oppretta palestinsk stat, og dela vesle Israel opp i fleire nasjonar, ser eg på som like meiningslaust som at det skal vera to statar på den irske øya.

Ottar Røyrbotten
Drammen