Lite hyggjeleg utvikling, men Jesus har sagt at me ikkje skal la oss skreme. Me skal akta på at den rettferdige blir rykka bort før ulukka kjem . Om dette vil dela ei oppleving eg hadde for nokre år tilbake med lesarane.

Slik samfunnet er i dag så er det for dei fleste eit nødvendig onde å ha bil. Og for nokre år sidan var den eg hadde så dårleg at eg berre måtte ha meg ein ny. Ja den var så dårleg at bilforhandlaren ikkje ville ha den i byte.
Eg var på den tida veldig opphengt i utviklinga og ikkje minst "Dyrets merke" som Aage skriv om i artikkelen. Eg grua meg voldsomt for å handla, og verre var det når eg måtte ta opp lån i tillegg.

Eg var i butikken og såg meg ut ein eg hadde svært lyst på. Men oppteken som eg var med den lite hyggjelege utviklinga, våga eg ikkje å skriva kontrakta. Eg bad om betenkningstid. Vel, du får eit døger. Det var klar melding. Tankefull som eg var reiste eg heim.
Om morgonen dagen etter sat eg ved frukostbordet. Bad til Gud, kva skulle eg gjera? Det hadde no ikkje noko føre seg å handla om det snart skulle vera slutt her i verda.
Med eitt så kom det eit uventa svar, Herrens røyst så tydeleg og klar. "Du får si som presten i kirken, Herren løfte sitt åsyn på deg og gi deg fred". 4. Mos. 6.26. Litt av eit svar, sanneleg kan eg sei som Aage: Gud er humorist.

Presten han les opp desse orda i kyrkja kvar sundag. Men no hadde eg fått dei, - og dei var mine, direkte frå Gud. I kyrkja derimot er dei berre eit tomt og innhaldslaust rituale.
Når arbeidsdagen var over reiste eg i butikken, skreiv kontrakta, ordna med lån, og handla bilen. Det har eg den dag i dag ikkje angra ein dag på.

Ottar Røyrbotten

 

Faktuell ARENA

Dette nettsted har som formål å bringe opplysninger ut til folk som aviser og blader i vårt land ikke er interessert i. Historien handler bl.a. om virksomheten Vekkeropet Maran Ata, som predikant Aage Samuelsen var stifter, frontfigur og leder for. Vi, redaktørene av disse sidene, var del og frontarbeidere i denne virksomheten gjennom mange år.
Les mer
 

 

Faktuell ARENA på Youtube

Faktuell ARENA har egen kanal på You Tube. Følg med på lenken nedenfor og se våre visninger.

http://www.youtube.com/faktuellarena

 

 

 
 
 

Ansvarlige redaktører:

 
synnove

Synnøve M. Karoliussen

may-britt

May-Britt Hansen

Senter mot antisemittisme