Søndag, 22. februar 2015

Leserinnlegg til TA, publisert i avisen 16. februar 2015

Av Ottar Røyrbotten

Etter å ha lese Jahn-Otto Johansen si forvrengte framstilling av Aage Samuelsen 3. februar har eg gått med ein vond smak i munnen i fleire dagar.  Berre den overskrifta, - Aage er ikkje til å kjenna igjen.

Eg gjekk på møta hans mellom fem og seks år, og vart kjend med ein heilt anna person en den som blir framstilla i TA 3. februar.  Aage var ein ærleg person tvers igjennom, langt fra å vera nokon stor syndar verken når det gjaldt alkohol eller andre ting. Han la aldri skjul på at han i si tid hadde hatt problem med alkoholen, men det problemet hadde vår frelsar, Jesus Kristus, løyst han i frå.

Det problemet med alkoholen som media til tider skriv om i store bokstavar kan eg for min del avkrefta. Eg var rett som det var innom heimen til Aage og Synnøve i Skien.  Alkohol såg eg aldri noko til, og aldri såg han ut til å vera påvirka av noko rusmiddel heller. På møta var eg vitne til at mange menneske blei frelst, og sette fri frå både alkohol, narkotika og andre problem. Dette hadde neppe vore tilfelle om han skulle vore ein person slik han blir framstilla i Telemarksavisa 3. februar.